Nettverk for næringsdrivande kvinner i Tysnes
- Kvinnenettverket i Tysnes starta opp hausten 2001. Nettverket har flat leiarstruktur.
- Kvinnenettverket i Tysnes har arrangert to opne dager, delteke på Prikkedagen 2003, og vore representert på nettverkskonferansar på Stord og Lindår. Det kan vera aktuelt å dra på felles ekskursjonar, kurs m.m.
- Målgruppe: Særlig små bedriftar/attåtnæring drive av kvinner, eller dei som har planar om å starta eiga verksemd.
- Målsetjing: Nettverk/støttegruppe. Samarbeida og dra nytte av erfaringar som den enkelte har. Gjera produkt og tenester kjende. Motarbeida "jantelova" - Kvinner kan!
- Historikk: Eit interkommunalt kvinnenettverk i Sunnhordland fungerte i ca 5år, til midt av 90- talet. Det vart gjort eit forsøk på oppstart av eit lokalt kvinnenettverk i Tysnes 1990, men det blei ikkje meir en dette eine møtet. Fleire av kvinnene i nettverket har gått etablererkurs.
Er du interessert i å vera med? Kontakt oss!